Natur i Viksdalen
Natur, kulturlandskap og miljø:
Viksdøler har alltid brukt, og brukar fjellet rundt seg. Mange av oss kjenner det som vår eigen smalefjøs. Ein og anna indre sunnfjording, og ein sjeldan sogning, og nokre hytteturistar kjenner også til spennet i dalføra mellom Årnesholten og Jostefonni. Men dei store massane har helde seg unna – enno er fjella relativt frie for store hyttefelt og skianlegg. Området er heller ikkje på kartet til turistforeininga. Det er såleis heller ikkje ein del av norsk friluftsidentitet. Eigentleg kan ein sei at fjellriket ved den sørvestlege tuppen av Jostedalsbreen nasjonalpark er ukjent.
Det er ikkje fordi området har dårlege friluftskvalitetar. Berre sjå for deg den feite auren som vaker i Dalsdalsvatnet. Eller den naturlege quarterpipen på nordsida av Geitebotnsfjellet. Den nysgjerrige villreinen på Blåfjellet. Og hugs den sky storfuglen på Hellebustkletten, eller fjellvåkparet i Rindebotnen som går til næråtak på tobeinte. Like sterkt er det å høyre vengeslaga til kongeørna ved foten av Strupsnova. Eller sjå uendeleg langt frå Holtsnipa. Berre tenk å oppleve stilla ved Myklevatnet, eller det lydlause travet til kronhjorten i lia ovanfor Rørstad. Å oppleve isolasjonen og utsynet på Gotopphesten, eller vakle på toppen av Johannseberget sin varde gjev også minner for livet. Drønnet frå eit snøskred på Nystølsvatnet i påskesol kjennest i djupt i sjela.
Viksdalen med tilstøytande fjellområde breier seg over nær 1000 kvadratkilometer. Store delar av dette arealet ligg i inngrepsfrie naturområde, område som ligg mellom ein og fem kilometer frå tyngre tekniske inngrep (Direktoratet for Naturforvaltning). Det er også eit lite stykke rein villmark att, nemleg på Jostefonni, sjølv om arealet krympar på grunn av utbyggingar i Haukedalen dei siste åra. Totalt strekkjer området seg over fem til sju ulike vegetasjonsgeografiske regionar (”Vegetasjon. Nasjonalatlas for Norge”). På eit så lite område er altså det biologiske og klimatiske mangfaldet enormt.
Identiteten til Viksdalssida av vasskiljet kan oppsummerast slik: Store fjellområde med få naturinngrep, utan masseturisme og fritt for turistinstallasjonar, med ein rikdom, omfang og variasjon som set djupe spor i einskildmennesket som ferdast der. Og alt er tilgjengeleg på dagsturar frå Nasjonal Turistveg, Riksveg 13, som snor seg gjennom ei levande landbruksbygd.
Opplevingane får ein berre ved å spenne på seg skia ved Brøytestasjonen eller knyte fjellskorne på Ørnehaug. Derifrå får den som vil skrelle av seg sin urbane kvardag eller fjøslukta, vere åleine med naturen. Utpå kvelden, når ho er tilbake frå det ukjende tråkket og boblar av forteljarlyst, står Emmahuset klart til å ta imot.
I fri luft:
Historisk var fjella rundt Viksdalen i bruk til ferdselsårer, seterproduksjon, jakt og sanking. Med veg over Rørvikfjellet i 1936, Gaularfjellsvegen i 1938, og overgang til moderne landbruk, vart bruken endra. For dei siste generasjonane har mykje av bruken vore i fritida. Den viktigaste drahjelpa: Fjelltrimmen. Årleg vert mellom 20 og 30 av dei mest kjente og kjære fjelltoppane og stølane peikt ut som mål for Fjelltrimmen. Kvar stad får ei plastbytte eller ein isboks med ei notatblokk, to blyantar og ein blyantkvessar plassert under ein stein. Ein vimpel med påskrifta ”trim” indikerar staden. Slik får vi ein ”post” med ulike poengverdiar utdelt etter lengde og vanskegrad for å nå fram. I 2002 hadde dei 28 postane 4153 besøk. Resultatet er at Viksdalen har ein svært fjellmedveten befolkning. Fjelltrimmen er utgangspunkt for å gjere seg kjend med det biologiske mangfaldet og den geografiske variasjonen. Og opplevingane er så og sei peikt ut på førehand.
Let ein att auga nedunder Likholefossen, og let fantasien sveive, er det nesten som ein kan høyre han spele. Står vårflaumen på sitt sterkaste, kan braket under Espesetfossen høyrest som om han sjølv er ute med Hammaren. Ja, det er lett å vende seg til mytologien når ein står tett opp til kreftene i ein av dei tjuetals storfossane i Viksdalen. Faktisk er vassdraget funne så spesielt at det vart varig verna av Stortinget i 1993. Bak vernet ligg det to tiår innsats frå lokale aktivistar. Det er dei vi kan takke for at brølet og gufsen framleis kan opplevast. Det er no mogeleg til gangs. Langs med elva er det nemleg opparbeidd over to mil Fossesti. Ruta går langs roleg flod, langsmed ville stryk og under ofselege fossar. Den går gjennom bratt urskog og ope kulturlandskap. Den går i alpint terreng på 700 høgdemeter, og langt inn i jordbruksland på 170. Ein kan oppleve to årstider og fleire naturtypar på same tur. Eit slikt spel…
Lokalt kulturlandskap:
Den gamle tida har mange spor liggande att. Spor som no er i ferd med å gro til eller bli rydda vekk. Under fossen i Vikja ligg restane etter eit sagbruk som var i bruk fram til 50-talet. Svinghjulet for drivreima, akslingar og sagblad ligg framleis att ved skakke murar. På andre sida av elva står skovhjulet til ein møllestein enno under tak. Ved mindre elver i bygda står det framleis eitt og anna kvernhus med torvtak til forfalls. På dei fleste gardar er står det steingardar som har separert teigar i uminnelege tider. Men dei vert færre - når små teigar skal verte store bøar for fôrhaustar og bulk.
I liene, der svartor og bjørk har hegemoniet, ser ein spor etter lauving. Dei krokete mutantane – kreksene - gamal bjørk som vart reinska for lauv og friske skot står enno som astrupske troll. Og det er framleis mogeleg å følgje gamle krøtertrokk. Nokon endar ved nedfalne sommarfjøs, eller tåflorar, fjøs som vart brukte til å ta inn kyrne for mjølking når dei gjekk på sommarbeite i den gardsnære utmarka. Nokre av desse fjøsane har fått tette bølgjeblekktak og har blitt skjul for sauer på beite eller gamle traktorar. Andre gav etter for torva si tyngde og manglande kjærleik – men spora ligg der enno – halskjettingar til beista mellom roten plank, ei morkna grime i grunnmuren.
Så er det beitemarkene. Grøne haugar eller enger med røvebjølle og vaiande strå, produkt av generasjonar med gnagande sau, geit, hest og kyr. Nokre av områda er har tapt for kratt og villnis, medan andre framleis tek imot viltre klauver kvar vår.
Kulturlandskapet er i konstant endring i ei landbruksbygd som Viksdalen. Hest vert til traktor. Snart treng ein skogsvegar, som vert greven av beltemaskin med grabb. Turrhøy hamnar i siloar hamnar i rundballar. Gjerder vart lagt i stein eller knytt med røter. Seinare kom nettinggjerdet, og snart kom trykkimpregnerte gjerdestaur og sto for udødelege hinder. Lettversjonen av gjerde er elektrisk, og opnar for nye, mellombelse beitemarker. Ikkje langt tilbake var liene nedgnegne av geit og sau, trea var lauva og einaste varmekjelde for storfamilien var vedskogen. Snart var ikkje sjølvberging nødvendig, og gardane byrja industriell bulkproduksjon av mjølk, vekk var geitene og eigenforsyninga med ull og julemiddag. Snart gav elektrisiteten varme, og vedhogsten minka, lauvinga var allereie eit gløymt kapittel, og liene vaks til att. Så gjorde elektrisitetskrisa og effektive vedkløyvingsmaskiner skogsdrift lønsamt att, og på nytt vert liene høgde. Naturen endra. Kulturlandskapa i utvikling. Alt ligg der for å bli forstått, fortalt eller tolka.
Perler i tregrensa:
Perler i tregrensa. Det er det dei er, alle stølane som heng i dalsidene rundt øvre Gaula. Over 30 setervollar ligg proppfulle med historie, segn og tradisjonar. Nokon står til nedfalls, med for lengst kollapsa torvtak. Andre held seg tørre med slamrande bølgjeblekk. Fleire stølar har fritidshytter med solceller mot sør og gassbluss teke over for dei lafta sela. Nokre stader har det knapt blitt beita på ein generasjon, medan ein enno kan høyre pulsatoren kneppe over geitestekkene på Langestølen.
© 2004
Henning A. Hellebust
henningah@hotmail.com