Site hosted by Angelfire.com: Build your free website today!
Landbruk i Viksdalen ”Dissa jævla bøndene” pleidde far min å sei når familien var på reise, kanskje heilt til Sogn, og nokon hadde gylla. Alle sveivde att rutene og rista på hovudet og rynka på nesa i ironisk protest mot vårt eige. Men var ein turist, så var ein turist. Når onklane mine var på besøk til jul, var det spesielt ein av dei som pleidde å sei ”takk for maten, staten” kanskje med ein litt mindre ironisk distanse enn gyllebanninga. Etter 12 år i meir urbane omgjevnader, trur eg at akkurat møk og statsstøtte ofte vert oppfatta som bøndene si kjerneverksemd. For mange er skit og subsidiar bondeyrket og landsbygda i ei rundballpresse.

Opphald i Viksdalen gjev andre inntrykk. Når dieselmotorane nesten kvelast i bratte bakkar, og tankvognene sprayar den svarte stanken over landskapet, er det ei fullføring av krinslaupet vi alle er ein del av. Gylle er eit biprodukt av indrefileten på Restaurant Oro og mjølka i ”latten”, og slik eit biprodukt av alle sine måltid. Men berre eit lite stykke landbruk.

I Gaular har landbruket tradisjonelt vore sjølve grunnlaget for busetjinga. Dei knapt 250 personane som er sysselsette i primærnæringa, utgjer i dag ein fjerdedel av alle i arbeid. Dette er øvst i landbruksfylket Sogn og Fjordane, som hadde eit snitt på 12 prosent i 1996 (Kommuneplan for Gaular). Nasjonalt er det 3,9 prosent sysselsette i primærnæringa, inklusiv fiske (Statistisk årbok).

I 1970 var 127 gardar i Viksdalen busette. Av desse dreiv 111 med mjølkeproduksjon. I 2000 var det 105 gardar busette, medan mjølkeprodusentar var meir enn halvert, til 47. Samtidig var tal kyr på sitt høgste i 2000, med 830x4 spenar. Ved utgangen av 2000 kunne bønder selje kvotene sine, og talet er no redusert til 730 kyr (kjelde: bygdas inseminør, Jarle Hellebust). Det betyr at kvar gard i drift har auka produksjonen. Bruka er spesialiserte og profesjonaliserte. Storparten av dei 600 innbyggarane i bygda er involvert i landbruket

Vekstsesongen varer i fire månader. Timotei, kløver, engsvingel og bladfaks – gras – er sjølve livsgrunnlaget i bygda. Det gjev mjølk og kjøt til heile Vestlandet. Jorda gjev også næring til poteter og isbergsalat til heimebruk. Og flokkar av sau og geit beiter fjella.

Eit sjølvberande og varande system i god balanse, basert på lokale ressursar som nyar seg oppatt, er definisjonen både på det tradisjonelle agrarsamfunnet og økologisk jordbruk. Landbruket i Viksdalen er korkje økologisk eller fullt ut tradisjonelt. I heile sin moderne maskinparksvelde og kunsgjødselbaserte drift, bygger det likevel vidare på urgamle tradisjonar og jord dyrka i årtusen. I desse omgjevnadane, med desse tradisjonane, ligg forholda til rette for å lære meir om kva mat er, og dermed kva vi er sjølv.





© 2004
Henning A. Hellebust
henningah@hotmail.com