Natur i Viksdalen
Historiske Hellebust
Heidensk gudsdyrking er truleg rota til namnet Hellebust – Helgibolstad, heilag bustad (O. Rygh, ”Norske Gaardnavne”). Ein trur staden kan ha vore offerplass i førkristen tid (”Bygdebok for Gaular”). Innja-om, 100 meter nordaust for bustadhuset på Hellebust, ved den no nedplanerte Tóhaugen, heitte det seg at ein måtte be når ein gjekk forbi. I vikingtida skal det ha vore herresete på staden. Funn av sverd, klinger, store spydspissar, ”to smukke øxeblade”, hammar og sigd, bronseskål og balansevekt vitnar om rikdom på garden. I 1832 vart det også funne ein liten gravhaug med både spyd, sverd, spidd og øks, hammar, spore, piler og ringar frå Vikingtida (Bergen Museum). I nyare tid peikte Åsmund Hellebust ut mannsgraver frå Vikingtida på garden. (Per Fett, ”Førhistoriske minne på Vestlandet”).
Mykje tyder på at svartedauden la Hellebust aude. I alle fall er ikkje garden nemnt i skattelista frå 1520... Først på slutten av 1500-talet kom den sentrale plasseringa til nytte. Garden var då i full drift att, som lensmannsgard.
Folketeljinga 31. desember 1845 syner at 18 personar budde på bruket. Tolv av desse var born, to var tenestefolk, ein var husmann utan jord. Dei hadde to hestar, 16 kyr, 20 sau, ni geiter og ein gris. Om sommaren dreiv dei dyra på beite i fjella ovanfor Mjell, der det seinare vart bygd støl på Skålebotnen. Dei dyrka poteter, bygg og havre. Kornet malte dei på kverna i Hellebustfossen, der det også var sagbruk og stampe. Ruinane kan framleis sjåast ved fossen ovanfor brua.
I tida før husa i Vikja hadde fått skifertak, og området framleis var oppdelt i klyngetun, var det andre som hadde interesse for fossen. Utpå ettermiddagen ein sommardag i 1918 kom fylkesmann Ingolf Elster Christiansen og ein delegasjon frå Fylkestinget til Viksdalen for å handle fallrettar. Dei vart servert kalvesteik, rømmegraut, kaffi og kaker i eit stor gjestebod på Hellebust. Snart var Lauvavatnet, elva og Hellebustfossen seld for 25.000 kroner, som skulle fordelast mellom grunneigarane. (Terje Ulvedal ”Kampen om Gaula”). Fram til 1993 gjekk kampen for og mot utbygging av Gaularvassdraget. Då vart det varig verna i Stortinget, som referansevassdrag, eit vassdrag som representerer alle naturforhold på Vestlandet.
© 2004
Henning A. Hellebust
henningah@hotmail.com