Site hosted by Angelfire.com: Build your free website today!
Olav H. Hauge
OLAV H. HAUGE

DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje-
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at kjeldor skal springa-
at draumen skal opna seg,
at me ein morgenstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um

Dette er antagelig det diktet som har betydd - og betyr- mest for meg av alle dikt jeg har lest. Ta det med deg på din vei, du også!


ELVANE MØTAST

Elvane møtest, frå kvar sitt fjell.
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod.

Held fram einige, sterkare,
snåvar ikkje so lett i steinane:
Turrskodd skal ingen vassa oss no!

Kan man si det bedre: sammen er man sterkere!

FYLG TANKEN

Fylg tanken - men ikkje
til ytste egg,
og plukk ikkje kvar ein blom
på nysprotten hegg.

Lat tankane koma
og blåna or augneleite,
og blomar på draumkvedet hanga
kva dei so heitar.

kraften i undringen, det uvisse...

KOM IKKJE MED HEILE SANNINGI

Kom ikkje med heile sanningi,
kom ikkje med havet for min torste,
kom ikkje med himmelen når eg ber um ljos,
men kom med eit glimt, ei dogg, eit fjom,
slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget
og vinden eit korn av salt.

Vi ønsker oss ikke ferdige løsninger,la oss heller få antydninger hvorfra vi kan finne fram til våre egne sannheter....

BRUK IKKJE SANDPAPIR

Bruk ikkje sandpapir der ein visshøv kniv har
skore
rett ikkje skifaret som bar deg frelst yver hamrane,
ta ikkje i deg ord som ein gang er sagde.
Ord er dynamitt og verkar både i djupni og høgdi,
i den sprekka dei slo
kan grunnvatn stiga.

Stå ved det du har gjort, glatt det ikke over for at det skal se penere ut, over tid er det kraften i dine gjerninger og dine ord som bringer deg videre..

SKEISERENN

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du ikkje kan fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg -
glid ifrå deg, glid ifrå deg -
Snart er han heile runden fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eigi takt
og kappestrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.

Det viktigste er å gjøre det beste man kan, å konkurrere med seg selv, yte det man kan


SVEVN

Lat oss glida inn
i svevnen, i den
logne draumen,
glida inn - tvo
deigemne i den gode bakaromnen
som heiter natt.
Og so vakna
um morgonen
tvo gylne
kveitekakor!

Gleden av å ha noen å sovne med - og våkne med!


GLØR I OSKA

Eg er berre ein gneiste
av den store eld.
Og som eg kveiktest i myrkret,
skal eg slokna ein kveld.

Eg er den bylgja som brusar
i denne stund,
med nye fødest og fyllest
og gamle sig i blund.

Eg er det bladet som blakrar
i denne vår.
Du skal skjelva i stormen
eit anna år.

Eg er den vakande, eigande,
det auga som ser,
den dropen som no speglar
himmelens vêr.

Eg lever og gløder,
veit ikkje kvi -

Verdi med blomar og kvende
er i dag mi.

Du skal eiga all venleik
på denne jord
når eg longo er burte
og kvornve mine spor.




Tilbake til lyrikksida