Site hosted by Angelfire.com: Build your free website today!
MARIE TAKVAM


VAR EG EI KLOKKE

Kvifor er jorda så stor
at du kan vere langt borte?

Kvi er dagane endelause
når eg ikkje treng deim?

Kvifor er halsen min mjuk og varm
¨når du må vere i kulden?

Og eg må gå mellom menneskja
og du går ikkje ved sida mi?

Var eg ei klokke, ville eg stogge -
stogge frå alt dette meiningslause.

Når jorda var lita att og dagane stutte,
når du greip om dei spana fjørene,
ville eg vakna att

.. sier alt om lengsel..




DET LIGG EIT HAV IMELLOM OSS

Det ligg eit hav imellom oss
mellom deg og meg

Det ligg eit hav mellom
bringa di og mine bryst.

Men augo set kvarandre stemne på polstjerna
og hjarto kan møtast over bylgjene

Og vinn du over havet
så er eg løna di

og varme hender
kan leite over mjuk hud.

Men møtet mellom hjarto
over havet er det heilage

og mer lengsel..




GJEV DU FÅR LIV

Gjev du får liv
ved vårt første møte,
veks opp av vår kjærleiks jord.

Du vert vakker
som ein morgon
om du får liv i vår første natt.
Vakker som den første morgonen.

Andletet ditt
vert som lyset
og natta angar i håret ditt.
Kven kan tru at du
er vår dotter?
Augo dine gjøymer glansen
frå Nordstjerna.
Føtene dine vert rappe
som alle tankane vi har sendt
over havet.

Det vert underleg å sjå deg
som eit barn
mellom andre born-.

Kjærlighetsbarnet......

EI MOR ER FERDIG MED SI GJERNING

Kvar er mine born nå?
Desse velkledde, framanda menneske som ser meg
kallar seg med deira namn.
Eingong sloss barnehender om plass kring halsen min,
og munnar var ivrige etter å kysse meg på kinnet.

I fem gonger ni månader gjekk eg med kvalmen i munn
og stygdest ved lukt av fisk og kål og roser.
Eg såg meg stundom i spegelen,
magen esande ut som gjærande deig,
ansiktet bleikt og ukjenneleg.

Å Herregud, eg gjorde mi plikt over bleievask
og i ekteseng.
Fem born flytte ut og fem framande menneske
stikk inn som snarast.

For kvart eitt av deim eg fødde vart kroppen min meir slasket.
Magen hang ned som ein pose, ventande på neste gong,
brysta utsogne av svoltne, grådige munnar,
vortene bitne til blods av små spirande tenner.
Fanget fullt av gråtande born og skitne klede,
av leande born og reine klede -
ansiktet mitt overdengt av barnekyss og bløytt til tårer.
Kroppen min herja av ekteskapet.

Dette var mitt liv.

Når kjærlighetsbarnet har vokst fra deg.....

Les mer om Marie Takvam


Tilbake til lyrikksida