Site hosted by Angelfire.com: Build your free website today!
HALDIS MOREN VESAAS

FIVRELD
Vi er som to øre fivreld
Frå glede til glede flyg vi, honning av gledeblomar
-glede-essensen - syg vi.

Vi er som to øre fivreld.
Vårt liv er så lang ein sommar,
jorda så vid ein hage,
og hagen er eit hav av blomar!

KAN MAN SETTE BEDRE ORD PÅ REN PUR GLEDE…?


NEI EG FÅR ALDRI NOK
nei eg får aldri nok
nei eg blir aldri fulltrygg
på at du verkeleg er her
Her er mørkt så eg ser deg ikkje
du søv så du høyrer meg ikkje,
men varm er din kropp mot min, og nær

hendene mine kan ikkje nok
få visst: ja det er du!
Armane mine som femner din svevn
hungrar enn etter deg
og kan ikkje si lykke tru.
Munnen har kyss og ord
å strø ut over deg no med du søv
som blomar ned over eit mørkt rom,
kviskrar: er det du?
kysser: ja det er!

Din nærleik er regn over tørst jord.
Endeleg kom det, ei vårnatt skum og mild,
og no ligg all jord og berre drikk,
open og blind og still,
kan ikkje enn på si signingsstund tru,
kviskrar imellom dei lange tørste drag:
meir, meir, meir!

HUN ELSKET VIRKELIG, DENNE PRAKTFULLE DAMEN……


ORD OVER GRIND
Du går fram til mi inste grind,
og eg går óg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma iblant
som no over knatrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

DETTE ER KANSKJE HALDIS MEST KJENTE DIKT? ET PRAKTSTYKKE POESI OM DET Å ELSKE - OG RESPEKTERE DENS ANDRES GRENSER.


KARIN BOYE FUNNET DØD
Mai 1941
var det da ikkje ei einaste hand
som rette seg ut etter di
den gang da grunnen under din fot
for alvor tok til å gli-?
No står vi her tomhendte alle i hop
og ser mot ei attlæst dør.
Vi skulle ha bydd deg all varme vi eig.
Vi skulle ha gjort det litt før.

Den einsame gjekk frå si einsemd til slutt.
Den frosne har frose i hel.
Var det da ikkje på jorda ein
som kunne ha stått di sjel
så nær at han varde deg med sin eld
mot kulden?- Din død gir svar.
Du stod nok og så deg ikring før du gjekk,
men eld vart du ingen stad var.

HUN SETTER ORD PÅ DEN FORTVILTE HJELPELØSHETEN OG DEN SVARTE SAMVITTIGHETEN SOM OPPLEVES MENNESKER SOM HAR SETT EN AV SINE NÆRMESTE TA SITT EGET LIV


NEI, TAPPER?
Venner seier til meg:»Du er tapper
som kan vise slik styrke og ro
no når han så nyleg er død.» Nei,tapper?
Det kan berast, det eg gjennomlever no.

Det tyngste er tilbakelagt. Det tyngste
var å sjå korleis han
tok til å miste seg sjølv og gli vekk
inn i eit veglaust og skoddefylt land.

Visst er tomrommet der, og kulden,
og avmaktskjensla framfor ein stengt port.
Men det kan berast så sant ein kan tru
at for den ein har mist var det godt å gå bort.



FOR MANGE HAR DEN VIRKELIGE SORGEN GÅTT FORUT FOR DEN DAGEN DA HJERTET SLUTTER Å SLÅ HOS EN DU ER GLAD I. HALDIS SETTER HER ORD PÅ MIN OPPLEVELSE DA JEG MISTET MIN FAR I 1989 ETTER AT HAN HADDE VÆRT SYK I LANG TID...


TIL KROPPEN MIN
Du tente meg trufast i alle våre år.
Eg trur nok at eg baud deg levelige kår
og for det gav du rikeleg vederlag
-til du brått gjorde opprør ein dag.

Du som før var slave er no ein tyrann
som styrer mitt liv med allmektig hand,
men som enda viser mildskap og nåde iblant.
Du unner meg i god natt i natt, ikkje sant?


NÅR DET DU TAR FOR EN SELVFØLGELIGHET IKKE LENGER ER DET...

TO HENDER
To hender faste og smale
legg seg lett over heit hud,
vil berre døyve og svale.

Vil berre koma med lindring og ro,
lik regn som fell over rykande tuft
og sløkker kvar usæl glo.

Vil -- men der hender rører
spring berre logen i veret på ny.
Dei sløkker ikkje. Dei nører.

Kom likevel
svale hender
med brennande eld.



EINSAMFLYGAR
Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn, tett rad.

Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følgje.
Han er ikkje lenger ein av dei.

Sin eigen veg må han finne,
eller - om han trøytnar om litt -

gi tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame titt.

Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyg einsam under stjerner.
Ikkje gråt for den fuglen, barn



EG KVISKRAR DITT NAMN
Eg kviskrar ditt namn i den store natt.
Det er alt eg eig.
Det er alt det lys eg veit om i natt,
eg tenner det no, ditt namn, ditt namn.
Men natta er mørk som før.

Mitt sinn er ein loge avdi du er til
- er til, men er ikkje her -
og blodet ein blome, heit og still,
utsprungen fullt i natt
til fåfengt å ange, for ingen.

Ustanselig gir eg, berre med at at eg er ,
mitt sinns lys, mitt blods eld
til natta aleine.
Men natta er kald som før


Tilbake til lyrikksida