Site hosted by Angelfire.com: Build your free website today!

Go' Jul, alle sammen!

Magne's Home Page

Og så må de ha ein fin Juleferie!

 

Adressa vår i Bothwell neste år, og for alltid, er:

Forfang, 38 Patrick Street, BOTHWELL TAS 7030, AUSTRALIA

 



Cole og Hieu i Cairns.
Sept. 2005


 


Hei!

          Vi Ynskjer Dykk Ei God Jul,

                                           og Eit Godt Nytt År!

 

         Vi har det bra, alle sammen!

Dette året har vore heilt ulikt alle andre år for oss.  Yanicke vart ferdig med universitets-utdanninga si, Julie har vorte Interior Decorator, og eg har vore pansjonist.  Eit heilt år utan betalt arbeid er noko eg ikkje har opplevd sidan tidleg på gymnaset!


 


Cole og Yanicke i Cairns.
Sept. 2005



Ian og Magne i inngangspartiet til 38 Patrick St, oktober 2005


24. november, 2005


Det viktigaste som har skjedd hos oss i år, ved sida av at Yanicke fullførte utdanninga si, er bygginga av den nye heimen vår i Bothwell, Tasmania.  Julie og eg tok oss ein tur ned til Tasmania i oktober, og vi fekk sjå ny-huset vårt - halvferdigt - for fyrste gong!  Vi brukte mange timar på å sjå oss om i huset, og å klatre litt opp og ned, att og fram.  Vi hadde også mange timar sammen med byggmeisteren, Ian, både på tomta og på innkjøpstur i Hobart - mykje utstyr vart bestilt for huset vårt.

Det skal bli utruleg fint å flytte til Bothwell i januar - inn i nytt hus!

 


38 Patrick St
Bothwell, Tasmania
Oktober 2005



 

3-åringen Cole
leiker seg



Cole veks fort.  Han er ein bestemt og sta 3 år gammal gut - ikkje så uvanleg!  Han likar å leike med dei store lastebilane sine, med Lego, og i og omkring svømmebassenget.

Han gleder seg også til å flytte til Tasmania, etter at han var der ei veke sammen med Julie og Yanicke i januar i år.


      
       Vi ynskjer dykk alt godt frå Springwood!

                 Cole, Yanicke, Julie and Magne.



Cole og oldemor Sheila Hatchman i nov. 2005


Cole og Magne
November 2005

Hit Counter