
My boats ! Eg har alltid likt å kjøra båt og eg fekk min første båt når eg var 10 år gammal. Da var ein 16 fot med ein 20HK Johnson. Båten og motoren var gammal, men da virka heilt fint så lenge da varte. Den gjekk i 23 knop. Den var rød utanpå. Da var 2 stolar framme, ein til sjåfør og ein til passasjer. To benkar var det bak. Når eg kjøpte den var da vindskjerm på den, men den tok eg av fordi den var så stygg. Blei mykje tøffare utan. Då var eg 10 år, og måtte alltid ha pappa med meg når eg skulle kjøra. Men so når hausten kom, så hugsar du kanskje at da var ein ''mini-orkan'' her som dei kalla ''mitch orkanen'' her på stord. Og då vart min båt knust i fillebetar når den låg ved naustet på Leirvik. Så då hadde ikkje eg noko båt lengre. Ein sommar kan eg hugsa eg gjekk på kiosken med ein kompis på rulleskøyter. Mens han kjøpte seg noko, så kikka eg i eit båtblad. Der! Der såg eg ein rød liten speedbåt på 9 fot. 4500,- uten motor. Eg tenkte på pengane mine eg hadde i banken.. Men so kjøpte eg bladet og rulla heim over. Eg viste båten til pappa og eg masa og masa. Til slutt so ringde han eigaren. Båten låg på bømlo så da var ikkje noko langt å kjøra. Men den gongen måtte me ta ferja der til. Den dagen me leita oss fram til plassen og endeleg kom fram, vart eg kjempe glad. Han tok oss med inn til garasjen hans og der sto den! Ein rød speedbåt med dekk og plass til 2 personar, ratt var da og selfølgeligt. Eigaren sa han hadde sett ein sånn båt på baywatch og den var ulovleg impotert i frå USA. Pappa pruta båten ytterligge 1000,- kr ned. Me la båten opp på hengaren me hadde etter bilen. Og då bar da heim att. Båten låg i hagen ei stund før den kom seg utanpå. Men den dagen den kom utpå var kjekt. Men eg hadde berre 5HK på den. So den gjekk berre i 13knop. Men ein dag for familien og onkelen min ner til sjøen og prøvde den. Og da gjekk jo alt for seint. Så pappa og onkel gjekk og og henta 20HK påhengsen. Då dei kom ner att moterte dei den på og starta den. Motoren var så tung att me måtte stå med beina i ryggstøtta og magen over dekket for å så halda seg fast i bauen. Først prøvde pappa og onkel. Da gjekk so sinnskjukt fort. Båten var knøtt liten og gjett om du følte farten!? Dei kjørde langt bort og så kom dei tilbake og da hoppa og plana so berre da. Men so vart da min tur.. Eg sto i setet slik pappa sa og pappa ga gass. Eg fekk tårer i augene av vinden. Me kjørte mot eit berg so svinga pappa og båten glei flatt på vatnet. Bunnen på båten var heilt flat så då glir båten uten at båten leggjer seg ner når du svinger. Båten gjekk i 32-33 knop! Den dagen gløymer ikkje eg. Men so kom dagen eg måtte selja båten grunna av at eg ikkje hadde motor til båten. 5HK var kaputt og 20HK var ikkje brukleg, da var altfor farleg. Menmen, då satt eg båten inn på auksjon på internett. Eg fekk solgt den, ein bømling kom å henta den for snaue 3800,- So la eg 2000 i banken, brukte 1000 og skulda mamma og pappa resten for ein radiostyrt bil. Og ein gang i 7.klasse kjøpte pappa ein 14 fot askeladden med 15HK mariner motor. Den hadde me eit år og selde den.