Site hosted by Angelfire.com: Build your free website today!
Viksdalen ordbok av Hellebust Henning Hellebust Viksdalen Henning A. Hellebust i Viksdalen

Viksdalen ordbok av Hellebust Henning Hellebust Viksdalen Henning A. Hellebust i Viksdalen

v i k s d ø l s k


An unauthorized vocabulary of (not always) current Viksdalish. The words and expressions are a collection of present dialect and slang. Others are no longer spoken - they are outdated due to changing technology, communication and reality. Some words are used only locally in small parts of Viksdalen, or varies from hood to hood, so there might be some disagreement on whether they are correct, wrong or totally unappropriate.

Ei uautorisert ordbok over (ikkje alltid) gjengs viksdølsk. Vel, viksdølsk - kva er vel det? Sidan Viksdalen ligg i Nynorskland, finst størsteparten av språket vårt blant dei 90.000 oppslagsorda i Nynorskordboka til Samlaget. Dessutan er Sunnfjord ein språkleg sett einsarta region. Banda mellom Viksdalen og bygdene rundt er sterke. Kommunikasjonen var og er omfattande og nødvendig. Viksdalen byr difor ikkje på noko unikt språk. Likevel så har det sitt genuine lynne. Ord har sine eigne referansar, meiningar og innhald. Enkelte ord og uttrykk finst også berre i Viksdalen, eller såvel grender og tun i bygda.

Språk er kjenslevart - ord er krevjande å tolke nøyaktig. Sendar, mottakar, situasjon og tid påverkar tydinga. Her er desse nyansane forsøkt kokt ned til eit konsentrat - ei forklaring. Kvart ord er vurdert ut frå ordbøker, samtalar og mi eiga språkkjensle. Korsedal og Urdal si ordbok "På hogg å' belegg", er også nytta. Likevel - dette er ikkje fasit, så eg set stor pris på tilbakemelding for at lista skal bli best mogeleg.

Premissane for at ord skal hamne i lista er at tilhøyre til Viksdalen eller deler av bygda kan etterprøvast. Så bør dei passe inn i minst ein kategori nedanfor:
1. At folk utanfor bygda ikkje brukar orda - dei er ekte Viksdalsord eller - uttrykk.
2. At orda i hovudsak berre er brukt i Sunnfjord.
3. At folk i sentrale bystrok, som Oslo eller Bergen, ikkje forstår orda.
4. At orda har spesiell relevans for bygdeliv, bygdekultur og landbruk, og dermed er mykje brukt i Viksdalen.

Halvgode språktips for besøkande:
  • Bruk palatalisering så mykje som mogeleg, gjerne fleire "nj" etter kvarandre der det er mogeleg:
    Mannj-jenj va litt pjasj-jen då hannj for inj-nj-ja om.

  • Dra ut og legg på vokalane:
    Daa æækkje maætare enn dai hiine, seeru

  • Dropp flest mogeleg konsonantar:
    He u gjort da e ba de om? (Har du gjort det eg bad deg om?)

  • Småprat (ekvivalent til coctailparty eller Aschehoug sin sommarfest):
    Naaai… da e no so, daaaa, då.
    Jauudå, so daa e no grett, daa, lemba pila de trillinga, då. Naaai… da e no so me ditta regnet, daaaa, då. Jauudå, so våronnja, daa e no grett, daa, då. Naaai… da e traktoren, no so, daaaa, då. Jauudå, sette potetene hin dagen, so daa e no grett, daa, då. Seeru.

  • Tolking av svar:
    I Viksdalen og Indre Sunnfjord kan det vere vanskeleg å få noko konkret og endeleg ut av folk. Innflyttarar refererer stadig til at dei er akkurat like kloke etter lange og utgreiande svar. Her er hjelp på vegen:

    Ja = Nja… me får no sjå på daaa, då.

    Nei = Njaaa… me får no sjå på da, då.

    Kanskje = Njaaa… me får no sjå på da, då.

    Øving: Lag nokre setningar med det språket du kan, og legg tjukt på med alle tipsa ovanfor.

    Takk!
    Ditta e åt å verte ei svossa liste. Eg verte helt i ei ekse, so onoggja med ord og uttrykk so kjeme inn. Tusen takk, vyrde språkelskara. Uten dåkke, hadde da ikkje vorte mætare enn hjå hitt folkje. Hokks: ikkje vé piselesta - ta ei totle og send inn royse månge ord, uttrykk, forklaringar, tilbakemeldingar og ord-anekdoter. Her e plass te både skjemt og alvor.


    Siste ord newest additions:
  • totlen: smårotete (lett senil) / alzheimer light
  • spotte i takje: (spytte i taket) gjere noko bortkasta - "eg konnje like godt spotta i takje, so å snakke vit i skalljen på dan slónen" / spit in the roof - do something in vain, it was a wasted thing to do.
  • jau, da va no etande: 1takk for maten 2 det var nydeleg godt / 1 tank you (after a meal) 2 it tasted great!
  • kvirve, å: tørke høy på bakken ved å snu det med rive / dry grass on the ground, by turning it
  • myssminnene (å få m.): besvime / pass out
  • vakkja' vèl nok?: det var vel ikkje bra nok for deg, nei / so it wasn't good enougth for you
  • bane, ei: skråstilt veg inn på løa (låven). Storebana til øvste etasje, lisjebana til andre høgda / a traverse to the upper (storeb.) and middle (lisjeb.) level of the barn.
  • fare åt: te seg, oppføre seg da går ikkje an å fare åt på dinnja måten / behave
  • laukjerv, eit: bunt med lauva kvist / bundle of leaves for fodder
  • håse, ei: variant av hes / kind of hay drying rack (hes)
  • troe, ei: (norr tróða) tynn trestamme; fiskestong / as stick; fishingrod
  • varevott, ein: vare (norr ver) - dekkje og vott - usjølvstendig, viljelaus person. Ein som vimsar rundt og skuggar for (arbeids)lyset (brukt av bestefar til Kjell Tjønneland) / someone standing in the light
  • tel: botn, golv; hard, steinete grunn / floor, hard ground
  • torte: burde, kunne, finne råd for; eg torte vel sette i gong, sjølv om da e ofsele heise / ought to; should
  • gymbr, ei: (norr.) årsgamal hosau, ventar sitt første lam / sheep awaiting her first lamb
  • hæv: (norr hæfr) 1 Gild, gjev, framifrå. 2 Dugeleg, flink / great or able
    Ord pr 18. januar 2007: 254

    Send e-post til Henning A. Hellebust
    Reis til Viksdalen
    Besøk mi heimeside




    © 1998 - 2004
    Henning A. Hellebust


  • Tyn anglomanien her -