Site hosted by Angelfire.com: Build your free website today!
Tekstar
Her følger ein samling dikt, hovudsakleg forfatta i perioden 1997-1998, då eg var på mitt mest poetiske.. Målforma varierer mellom nynorsk, bokmål og grautmål. Tema, stemning og stil er og bra vinglete. Samlinga er sjølvsagt noko sensurert. God tur.

Pizza-dikt

Eg kan pizza, eg
eg har søren meg steikt så masse pizza
ja, eg kan ikkje få sagt kor masse pizza eg har steikt
ingen trenger å komma og fortelja meg kor mange grader den skal steikast på
eg trenge ikkje lesa utpå pakken heller eg
eg kunne egentlig bare kasta papp-embalasjen rett i søppelet
men da gjer eg ikkje
for eg kan pizza eg,
eg tar ein kniv, slår den ned i eina hjørna på pakken
og så bare lar eg den gli fra hjørna til hjørna,
eg legge dei to papp-embalasje delane til sides
og står igjen med den frosne pizzaen
dersom eg bare er litt sulten, då knekker eg pizzaen i to før eg opne plast-embalasjen
så eg opne plasten i eine enden med stor nøyaktighet,
ikkje noko søl, ikkje ein paprika-bit går til spille
så pakke eg den andre halvparten inn igjen i plastikken
og legge den fint inn i fryseboksen
eg har steikepapir på steikeplata, ikkje noko søl
så sette eg den fint inn i ovnen, litt over midten
alt går nesten automatisk, for eg kan pizza
eg veit at folk liksom seier at den skal steika i 10-12 min. på 225 grader Celcius,
men eg tar ikkje tida eg,
eg kan sjå når pizzaen er ferdig, liksom ei evna eg har
og når eg vil "ta han" (når eg syns han ser ferdig ut),
så opnar eg steikeovnsdøra, men trekk meg raskt tilbake
sånn at den varme osen ikkje treff meg,
alt har med rutine å gjera sant
så tar eg to gryteklutar, trekke plata ut, holde tomlane på steikepapiret
og lar pizzaen siga forsiktig ned på papp-embalasjen (tallerken)
ikkje noko søl, for eg kan pizza eg
eg gir den eit par minutt til å klargjera seg på
og så er da bare å eta

Ett enkelt smildikt på rim.

Lat att augo og sjå,
at under sykene er himmelen lys og blå.
Ta fram minneboka og bla,
kjenn at minnene gjer deg glad.
Syng ein song du likar godt,
og høyr at stemma di er flott.
Spis ein frukt eller noko søtt,
tenk sommar - tenk berrføtt.
For du får stadig nye dagar,
som du kan fylla med fine ting.
Så set døra på gløtt og sjå våren komma,
og smil av ingenting!

Bare en sko

Sitter på lesesalen
alle ser like ut
alle strever mot samme mål
alle har studielån
jeg har bare en sko på
Kom til å tenke på at alle enten begge skoa på
eller ingen
jeg tenkte jeg kunne ha en
Etter en stund blir suget etter balanse for stort
jeg strekker føttene under pulten
for å trekke til meg den andre skoen
den sitter fast
jeg kikker ned
skoen min ligger under stolen
jeg kikker under pulten
det var foten til en gutt på andre siden av pulten jeg dro i
det er litt flaut
men det blir sikkert morsomt senere
en god historie
det var jo bare en sko

Hadde eg visst alt

Hadde eg visst alt då,
som eg veit no,
så hadde eg ikkje visst
det eg veit no
no.

Sånn er det å vera fugl

Ein fugl kan fara kor han ynskje
han kan synga vakkert
han kan sitja heilt stille og tenkja
og vera tilfreds med det
og han kan la seg bli tatt av vinden
til ein annan stad
Saman med dei andre fuglane kan han eta meitemark
eller han kan tusla ei stund for seg sjølv
begge veier er han nok tilfreds
og når hausten kjem
fly i store flokkar til varmare strauk
Men om han tidleg i august,
dumdristig flyr på ei glasrute han ikkje kunne sjå
slår seg helselaus
og hadde truleg vorten tatt av ein katt eller frose i hjel
om det ikkje hadde vore for ei lita jente som budde der i huset
viste omsut for fuglen til han kunne klara seg sjølv
Han var aleine den vinteren
men ville gjerne fly i flokk igjen
og han ville kvitre snøklokkene fram igjen til våren
derfor klara han seg heile vinteren i gjennom.

Rullegardinene oppe

I natt skal eg sova med rullegardinene oppe
bare for å prøva noko nytt
Då kan dei som bur på andre sida av vegen
kikka inn på meg
I tillegg så gir naturen meg eit lite vink
når morgonen kjem
Om det er sol
kan solstrålane kitla meg ut av senga
I natt skal eg ikkje pussa tenna før eg legg meg,
eg har gjort det mange gongar før
så eg kan ikkje skulda på at det er får å prøva noko nytt
Eg er rett og slett bare giddalaus
Eg angrar kvar gong er hos tannlegen
I natt skal eg sova naken
normalt har eg på meg boxer og t-skjorta
av og til sokkar og sidan eg har lett for å få vondt i halsen når eg frys om natta
Skal be nattebøn,
eg har gjort det før
men det passar godt å be nattebøn i kveld
sidan eg skal ha eit litt uvanleg soveopplegg
Oftast ber eg nattebøn når eg har det vondt,
så det er fint å be nattebøn når ein har det bra og
det lettar litt på samvittigheiten
Det er bra å slå seg litt laus av og til
i morgon veit eg om det var ein bra forandring

Sammenhengen mellom røyk og regn

Menneskets røyk ble fanget
av Guds skyer
som slapp regnet ned
og drepte
min blomst

Skikkelig mat

Ingenting er som ferskt brød
med masse smør og pålegg
Eit glas kald mjølk til å skylla ned med
Mamma kallar det skikkelig mat

Mamma laga nistepakke med skikkelig mat til meg
heilt til i fjor
No et eg helst kjøpepizza
og er heldig om eg kan servera på reint fat

Eg er fullt klar over at kler ikkje vaskar seg sjølv,
og at maten ikkje kjem seg frå butikken
til kjøleskapet av seg sjølv
Men det var no veldig greit då mamma hadde ansvaret for den avdelingen
Eg gledar meg til eg skal heim neste gong

Stillhet

Akkurat når du sa et ord
tok stillheten slutt
Akkurat når du slo
fikk jeg vondt

Men av og til gjør det vondt
at du er helt stille

Bare bæsj på plenen

Eg hugsar godt hunden,
heilt sidan eg var liten
Den gamle mannen var støtt ute på tur med den
han gjekk alltid i frakk, den gamle mannen,
såg ikkje ut som ein hundeeigar
men ein kunne sjå at han var glad i hunden
drog aldri hardt i bandet
eller skjenna høgrøysta
mannen var skilt og hadde ei dotter som var sjuk
han hadde nok hatt meir enn nok å stri med
No var han sjølv blitt skrall
og slett ikkje i stand til å ta seg av hunden sin
Det var nok derfor den bæsja på plenen til bestemor mi
bisarrt nok midt på plenen og overalt på plenen
ikkje var hunden noko fin heller
men hunden og mannen haldt kvarandre med selskap
noko som var mykje viktigare enn at eg slap å pirke vekk litt hundebæsj